Historier

Rauhellerens historie

For å imøtekoma behovet om kortare avstandar mellom hyttene slik at større deler av vidda kunne takast i bruk, vart Drammens & Oplands Turistforening(DOT) beden om dei kunne ordne med ein turiststasjon ved utløpet av Langesjøen. Dei fyrste forhandlingane tok til i 1922 med Whist om hans jakthytte på sydsida av Langesjøen. Desse forhandlingane førde ikkje fram og det vert teke avgjerd om å kjøpa grosserar Mustad si jakthytte på Skurdalsåsen.
Hans Myklatun som då dreiv Bjoreidalen vart spurd om å ta på seg transport og oppføring av den nye hytta. Det takka han ja til mot lovnad om å få verta styrar, då steson hans var gamal nok til å overta på Bjoreidalen.

Ved nærare synfaring vart tomta flytta lenger vest til der den ligg i dag.
Hytta som vart kjøpt låg omlag 4 mil nordaust for Langesjøen måtte rivast og fraktast fram på vinterføre med hest og slede. Det skulle visa seg å verta eit svært arbeid. Den lange avstanden gjorde det umogeleg å køyra heilt inn i ei vende, så dei måtte transportera i to etappar og over to vintrar.

Det fyrste huset som vart sett opp på Rauhelleren var det som seinare har vorte kalla "ungkarsboligen". Det var ei lita tømra stove der arbeidarane budde medan hovudbygget vart reist. Den er seinare riven og ertstatta med eit nybygg.
Sommaren 1925 stod hytta ferdig og vart opna for trafikk den 21 juli. Med sine 33 sengeplassar var det rikeleg husrom for turistane den fyrste tida.

Fram mot andre verdskrigen auka gjestetalet så mykje at det melde seg for større kapasitet. Eit påbygg som gav ytterlegare 14 sengeplassar stod ferdig i 1940.
Etter tungtvassaksjonen vart det ferdsleforbod i fjellet og hytta var stengd for trafikk frå 1943-45.
Etter krigen auka det det snøgt på med antal gjester og det varte ikkje så mange år før det på ny vart ynskeleg med fleire sengeplassar. Etter utvidinga i 1952 fekk hytta 54 senger som er den same kapasiteten som er i dag. Dei ombyggingar og utvidingar som er gjort etter den tid har vore utbetringar av fellesrom og kjøkkenareal.
l tillegg til hovedhuset og "ungkarsboligen" vart det etterkvart murt opp mjølkesel, sett opp fjøs og uthus.
Etter pålegg frå styresmaktene vart det i 1993 bygd ei ny hytte som skal fungera som nødbu om hovedhuset skulle ta til å brenna. Siste lekk i den bygningsmessige delen av utviklinga på Rauhelleren er ny om og utbygging av uthuset og kjøkkendelen av hovudhuset.

Det var knapt om hjelpemiddel den fyrste tida turisthytta var i drift. Når ein ny sesong skulle ta til var det å sela på hesten heime i tunet og rusla i veg oppetter Måbødalen. Vegen over fjellet var under bygging på den tid, så ved vegenden laut dei spenna frå vogna og leggja kløv på hestane. So bar turen innover forbi Bjoreidalen og Stigstuv til Rauhelleren. Det var ei lang reis som tok to dagar om alt gjekk vel.

Vinterstid brukte dei truger på hesten og drog provianten på slede. Det var ein mykje meir strevsam tur og det hende det tok opptil 5 dagar før dei nådde inn til hytta. Omsutet for hesten var viktig og når dei kom fram var det å få hesten i hus og smelta snø for å gje han vatn det fyrste dei gjorde. Det var ein fast regel at hesten skulle få drikka seg ferdig før folka fekk noko. Når ein tenkjer på at dette arbeidet vart gjort for ei kort påskeveke så viser det noko om deira forhold til tid. Riktignok transporterte dei inn ein del sommarsproviant og, men den transporten skjedde som regel på skaren om våren.

Det var mange gjeremål for dei som arbeidde på hytta. Den lange transport-vegen om sommaren førde til at det stadig var nokon som var ute på kløving.
Det var fast med minst ein tur i veka til Dyranut etter proviant. I tillegg reiv dei brisk til brensel som vart kløvja til husar. Det hende og at dei tok oppdrag frå andre som hadde behov for transport. Utpå sommaren byrja fisket. Med sine 12 km. var det arbeid for to mann å fiska heile Langesjøen. Den eine natta budde dei på Rauhelleren og den andre i Nilsbu i andre enden.
I sterk vind var det ein tøff jobb som sette store krav til både styrke og vilje.
Desse uteaktivitetane var det stort sett mannfolka som gjorde ved sidan av å hjelpa til med seterstellet og ta førefallande arbeid. Sjølv om det var mykje å gjera og mange tungvinte oppgåver var det allikevel ikkje stress. Kom det folk på tunet hadde Hans Myklatun alltid tid å slå av ein prat.

Arbeidsdagen til kvinnene var som regel mykje meir rutineprega og med alt som skulle gjerast kunne det nok røyna på iblandt. Utan innlagt vatn var husstellet tungvint. Alt vatn til matlaging og vasking måtte berast både inn og ut i bøtter. Når klesvasken skulle takast var det å fyra oppunder ein stor koparkjele nede ved Langesjøen og vaska kleda i den. Deretter vart dei skylde i fjorden og lagt til tørk utover vieren. Dei hadde og ansvaret for stølinga med molking og produksjon av forskjellige mjølkeprodukt. Matstellet tok mykje tid. Det var fire måltid for dagen, for den tid var det vanleg med full oppdekning til både lunsj og kvelds forutan frukost og middag. Då seier det seg sjølv at det ikkje vart mykje tid mellom kvar økt med matstell.

Som vanleg var før i tida var dei flinke til å hjelpa seg utan dei hjelpemiddel som me i dag er så avhengie av. Lagring av ferskvarer skjedde i snøfenner som låg att etter vinteren. Det vart gravd groper der kassar med kjøt vart sett. Tidleg på sommaren var det snøfenner nær hytta, men utover sommaren tina desse og då hende det at dei måtte på nordsida nutane, omlag ein halv times gange frå hytta for å finna nok snø. Matstellet var naturleg nok enkelt og bestod av kjøt eller fisk med poteter til. Ferske grønnaker hadde dei lite av, men tørka erter og makaroni vart mykje brukt. Om sommaren hende det ofte at dei fekk kjøt frå tamreinflokkane og stutar som hadde skada seg på beite. Det vart også felt eit matdyr(villrein) no og då om det høvet baud seg. Vanleg var det og å kjøpa gjelda kyr på slakteriet. Desse mjølka godt ei stund utover sommaren og vart slakta når dei slapp opp for mjølk.

Utviklinga av Rauhelleren har vore ein kontinuerleg prosess heilt sidan hytta vart bygd. Om det skal trekkjast fram markante hendingar er introduksjonen av motoriserte hjelpemiddel rett etter krigen viktig, og den endring det vart for miljøet rundt hytta når det vart slutt på stølinga i 1978. I 1981 vart det fyrste straumaggregatet installert. Det la grunnlag for innføring av ei rekkje helpemiddel til den daglege drifta. I det perspektivet har det skjedd mykje meir dei siste 20 åra enn heile perioden føre.

Vidare utvikling av Rauhelleren vert og historie i framtida. Då er det godt å vita at den er prega av målsetjinga om miljøriktig drift. Av tiltak i så måte kan nevnast energiøkonomisering, avfallshandtering og sommartransport med hest. Til hjelp i dette arbeidet har DNT utarbeidd "handbok i miljøriktig hyttedrift".

Beretning om hvordan Rauhellerhytta ble til

Tomas Reiseter forteller:


Drammens og Oplands turistforening hadde eit sterkt ynskjee om å få ei turisthytte på Hardangervidda.
Finfin tomtfekk dei av Gunnulv Sønstebø frå Uvdal nederst ved Langesjøen, ikkje langt frå den gamle fiskehytta, steinhytta, kalla Hansebu.
So vart det spørsmål om korleis dei best skulle få opp hytta. Det spørsmålet løyste seg bra. Dei hadde sine "følarar" ute, ogdei fekk spurt opp at verkseigar Wilhelm Mustad på Gjøvik skulde selja jakthytta si på Skurdalsfjellet, då det ikkje var meir rype å jakta på.
Denne fekk dei kjøpt til rimeleg pris. So var det å få tak i høvelege folk til å ta seg av flyttinga. Turistforeninga hadde god kontakt med ein øydføre som budde på Kongsberg, Gunnar Garathun, bror til Hallstein Garathun, og dei kom til at det måtte vera folk frå Eidfjord som var mest høveleg til dette. Og det var Hans A. Myklathun som vart utpeika til å vera sjef, og hab tok i mot.
Korleis eg kom med er ei soga for seg. Det var i 1924, ein kald snøvinter , eg kom ned frå fjellet til Eidfjord. Eg hadde då med brakkeflytting å gjera, frå Maurseth til fylkesgrensa.. Eghadde nett rive ei brakka som skulde køyrast langs veglina. I Eidfjord kom Hans Myklatun til meg og seier: No fær du vera med til Skurdalen og riva den jakthytta som skal flyttast til Rauhelleren., og me skal reisa i overmorgon. Dette kom brått på meg. Men eg var ung og sterk dengongen , so eg hadde ikkje anna å gjera enn å slå til med ein gong.
Eg hadde so vidt tid til å reisa heim, vaska meg og byta klær. So var det å møta fram på kaien på Utne , med nødvendige klær og verkty, ski også.
So kom rutebåten, og der om bord var Hans Med sitt utstyr, og det var ikkje lite. Hans hadde med seg tre mann. Det var broren Sylfest (dei vart helst kalla Hjølma-Hans og Hjølma-Sylfest), so var det Knut-Anders Myklatun og Jon Jacobsen Vivelid. Han var same frå Snåsa (kom til Eidfjord som reingjætar). So hadde dei med mykje proviant, 4 hestar med sele og lange køyrekjelkar, høyballar og havre til hestane. So gjekk dampen til Granvin. Det var sledeføre og kaldt då me køyrde opp over om natta. (Dette var vel i april månad.) Dagen etter var det å lasta alt på sledane og køyra til Skurdalen. Der gjekk små geiteflokkar og beitte bjørkeris som var heimkøyrt i tunet. Sidan trefte me køyrekarar som køyrde tømmer, lange furer, og dei brukte ikkje sledar, og då kunde furene vera so lange dei vilde. Tenk om me hadde havt slike køyregreier til å køyra dei lange stokkane i jakthytta på! Og skurdølene sa det: "Ja, hestane dikkon æ bra, men sledane er dårlege." Hans tok opp att denne glosa mange gonger seinare.
Ein gutunge desse karane hadde med seg, spurde oss:" Har de kantefillu der oppe da?" (Kantefillu-kantofler-kartofler-poteter)
Ja. So kom me fram til jakthytta og skulde ta til med fyrste delen av denne jobben som seinare skulde verta Rauhellerhytta.

Det var alltid slik: For kvar ny buplassdei kom til, og det måtte dei skifta etter som arbeidet skreid fram, vart det fyrste som måtte gjerast, å skaffa hus, mat og vatn til hestane. For det var ein sjølvsagd ting at utan hestar kunde ingenting gjerast. Fyrste nattely for hestane, var ei eldgamal grovt tilhogd tømra hytta ca. 4x5 meter. Høy og havre hadde dei med. So var det vatn. Ca. 100 m ifrå, låg ei lita tjørn. Det var fyrst å moka vekk snøen og so hogga hol i isen, og so leggja ein flake over holet . Ein stor stamp vart sett på ein slede og vatnet vart køyrd til husar, til bruk for både folk og hestar.

Og so tok livet til på denne nye, fyrste buplassen. Fyrste arbeidet mitt var å gjera ei skisse av heile bygningskomplekset og so å merkja kvar stokk og fjøl.Eg hadde med ei vanleg skuleskrivebok. Sjølve hovudbygningen var ei stor tømra rotstove av tjukke øksa stokkar, med takåsar på langs, ikkje vanlege sperrer. Det hadde vore den gamle skulestova i Skurdalen, som var utskift med nytt skulehus. I eine enden av stova var avdelt to kover. På eine døra stod: "Her bor Wilhelm og hans Frue". Denne døra stod likeeins på Rauhelleren òg dei fyrste åra, før det var ombygging. So var det utvendig tilbygd kjøkken, og ut frå den andre enden var det tilbygt av nytt, eit brakkeliknande utbygg med 5-6 soverom, og der budde me so lenge eg var der.

No kunde rivinga ta til. To dagar etter me var komne der, kunne dei fyrste stokkane lessast på, og køyringa kunde ta til. Men det var mykje laus snø, so dei måtte binda truger på hestane, og det var ikkje so liketil. Det var ikkje alle hestar som var vane me truger og trødde dei av seg, og då var det å binda dei på att. Men so bar det iveg, fire mann og fire hestelass. Eg var åleine til dei kom att om kvelden. Det var for langt å køyra heilt til Rauhelleren og vera tilbake om kvelden. Dei køyrde berre halvvegs, til ein stad dei kalla Albrektstein, om eg ikkje hugsar feil, og lagra det der. Veret var fint og alt såg ut til å gå bra. Eg reiv so mykje eg kunde, og so skulde dei andre riva resten til slutt. Men ein ting var viiss: Hestane måtte ha sitt daglege stell kveld og morgon.

Matstellet skiftest me om etter som det høvde. Soleis måtte eg ha middagen ferdig når dei kom att om kvelden, og alle hadde sin kokekunst, som fjellfolk må ha. Men Sylfest var meisterkokk. Han hadde vore 12 år i Amerika og hadde lært meir enn dei fleste. Me levde godt og hadde mat nok.

Ei lita soge: Finnen Jon Jakobsen var ein dag send til Geilo for å proviantera. Han nytta då høvet til å kjøpa eit lite glas nafta.Om kvelden då me var lagde , tok han ein sukkerbit med nafta på, og endå ein, men det var for lite, tok so og tømde heile glaset i munnen. Men då sovna han. Eg såg han aldri vaska nevane anna når han vaska kjørelda etter maten.

Eg var ferdig og kunde reisa heim, reiste om Geilo og Voss. Men før eg reiste tok eg ein liten tur til Ustetind som ligg ikkje so langt ifrå. Ein gor utkikspost over Ustevatn, landskap og hytter, Hallingskarvet og andre toppar.
Dei andre held fram til dei var ferdige og tok same vegen heim som eg. Om hausten same året tok dei so siste etappe og køyrde materialane heilt fram til Rauhelleren. Det var og med fleire skjøre ting, husbunad, dekkety, sengety m.m. Alt kom vel fram.
Denne gongen budde hestane i den gamle steinbua i Hansebu. Inne i steinbua var ei lita dør i eine langveggen inn til fiskekjellaren. Hans hadde ein liten svart, men utifrå vitug hest, den budde i fiskekjellaren, men for å koma inn den vesle døra, la han seg på kne. Dei sjølve, karane, budde visst i teltar. Men heimreisa frå Rauhelleren til Bjoreidalen vart ikkje lite dramatisk og uvanleg slitsam. Det var i snøløysinga, og det vart vanskeleg å halda leida. Då viste det seg at finne ikkje var til å lita på som vegvisar. Det var Sylfest som måtte greida det. Dei kom fram til Bjoreidal-hytta, men hadde brukt halvtanna døger; Og dei var nesten daudferdige då dei kom fram til hytta. Dei fekk fyra opp i komfyren og sette på ei panna med vatn. So la dei seg på køyane og sovna, og sov i 19 timar sa dei sjølve. Og då dei kom ut gjekk hestane og gnog lyng borti nokre rabbar.

Eg var stasjonert ved Leiro bru på den tid. Det var vel i juni månad og eg var nesten ferdig med Leiro-brakka. Kokka var komen på plass og nokre vegarbeidarar. Eg fekk då sjå to karar som kom innantil frå vidda, skitne, skjeggute og slitne. Den fyrste som nådde fram, var Hjølma-Hans, og det fyrste han sa var: "H a de noko mat?". So kom finnen: "Ha du tobakk?"
Ja, då.

Ein sundag litt seinare skulde me til Rauhelleren å stikka ut tuft til hytta. Me koim fram til staden som var utsedd til hyttetomt, ein fin flat sandhaug, ca. eit mål.
Formannen i turistforeininga var komen og han hadde ing. Hans Jensen med seg. Han stakk ut tomta aust-vest, tok fyrst langsida langs Langesjøen, so var det vinkelen som han tok etter formelen 6-8-10.
No var det for Hans og karane hans å kila sund stein til tufta, og køyra den på plass. Dei mura og ein liten kjellar under kjøkkenet.
Men dei måtte ha hus og bu i, og so sette opp, på berre bakken, det vesle gamle tømra huset og budde der.

Der budde og Sylfest og eg då me sette opp sjølve hytta. Det sumaren 1925. Eg fekk med meg Hjølma-Sylfest. Han var den beste eg kunne få. Me reiste frå Bjoreidalen so tidleg me kunde om våren med hest og stort lass. Me køyrde på fennene so langt det let seg gjera og kom fram i god tid om kvelden. Eg hadde med ei bambusstong og makk, og so gjekk eg opp i Flåtakjønosen og kasta uti. Og det beit på med ein gong. Eg vilde som vanleg sløngja fisken på land. Men takk skal du ha! Fisken var for stor og stonga brotna. Eg måtte hala fisken på land. Det var kilofisk. So fekk eg surra stonga saman att og drog i land 5-6 stykke. Då eg kom heim med dei sa Hans: "Du er den fælaste fiskaren eg har sett".
Grunnmuren var ferdig, so det var for Sylfest og meg å leita fram grunnstokkane og leggja dei på tufta, og sidan stokk etter stokk, fjøl etter fjøl etter nr. i boka. Men det skulle vera "husamose" millom kvar stokk, dei var 5-6 tommar tjukke. Mosen fann dei i myrane. Å leggja husamose var litt av ein kunst. Eg hadde heldigvis vore med på det mange gonger før. Dei kalla det "å hesja mose". Det var å rista mosen godt og forma han til i hendene, og så leggja eit bra tjukt lag langs heile stokken. Særleg i navene måtte det vera ekstra tjukt. So var det å leggja neste stokk oppå. Slik heldt me ved til me kom til møningsåsen.
Når takåsane var påkomne, var det å reinskjera mosen vegg for vegg. So var det taket. Det var ikkje sperrer, men lange takåsar og lange breid bord som gjekk opp og ned, so la me tjørepapp oppå taket. Finnen Vetle-Nils var med den sumaren, og eg såg han hadde skrive med blyant på ein tahås: "Disse jævla lange stokker som de arme hester må slite på". So var det kjøkkenet som skulle byggjast opp. Det var utvendig i nordenden med halvtak. I sørenden kom so soverom-avdeling. Desse to siste tilbygg var av nyare dato, og var gjorde av Wilhelm Mustas på Skurdalsfjellet. Dermed var husa komne opp og stod akkurat slik dei hadde gjort der aust. Slik stod dei nokre år. Men det varde ikkje lenge før dei trong påbygging og utviding. Og det har vore gjort 3-4 gonger seinare. No sist var det utviding av matsalen. Det vart vedteke på 50 årfesten i 1975.

Under utbygginga budde me som sagt i det gamle tømra hust. Finnen Vetle-Nils var flink kokk. Eg hugsar at han ein kokte komler.
Det fyrste huset som seinare kom opp var eit kombinert vaske- og vedhus med eit par toalettrom. Det vesle gamle tømra huset vart innreidd til eit primitivt badrom. Og Hans sette opp flor til 15 kyr ca. 100 m lenger vest.
Og når huset var nesten ferdig, tok dei fyrste turistane til å koma. Ein turist kunne fortelja oss at Roald Amundsen og Riiser-Larsen hadde vore på Nordpolen. Det var noko til melding.

Fyrste sundagen eg o g Sylfest var der, gjekk me opp på høgste Rauhellertoppen og sette opp ein varde. Det var dårleg stein av esjefjell, og den var ikkje bra. Då me var mest ferdige og Sylfest sat på toppen og skulle leggja på siste steinen, seig det heile i hop. Han var ikkje høg i hatten, Sylfest då. Men me tok på att med friskt mot og fekk varden opp. Og han stend der den dag i dag. Ein ting som var vanskeleg, var å skaffa vatn. Det var for tungvint å bera alt opp frå Langesjøen. Hans laga nokre provisoriske kjelder oppe i lia og la røyr ned. Og det vart likare.

Då Hans kom bort til oss i buføringstida, hadde han med seg ei kokke og eit par jenter , og dessutan 12-15 kyr, millom dei ei kviga. Morgonen etter var kviga borte. Men ho kom att før kvelden kom og då hadde ho ein togtamp om horna. Ho hadde nok vore stolen, men hadde slite seg frå tjuven. Dette sette dei i samband med ein lausgangartjuv som bar namnet Fuglestig frå Sogn. Han hadde herja på Vidda om vinteren, brote seg inn i alle hytter og gjort ugagn. Lensmannen sende Hans med hjelpesmenn til fjells for å ta han, og han vart teken i prestehytta i Hellehalsen. Men det er en anden historie.
Då Sylfest og eg var på toppen og sette opp varden, fekk me skimten av ein mann nede ved djupa, elva som renn frå Langesjøen til Geitsjøen. Kanskje det var tjuven?

Innvigjingstida på Rauhellerhytta var 21 juli 1925. Heile styret i Drammens og Oplands turistforening og mykje gjævt folk frå den kanten samla seg. Gunnar Garathun som vog 118 kg. Kom ridande på ein sterk blakk fjording. Det var eit festleg lag, med festmiddag som høgdepunkt. Og det var mange skåltalar, der Hans Myklatun fekk mange gode ord for alt sitt slit og strev med å flytta og reisa Rauhellerhytta. (Eit måleri av han vart avduka på 50 årsjubileet i 1975).
Det var mange skåltalar, ja, so Sylfest og eg fekk visa vår folkeskikk på den måten at etter siste tale , måtte me skåla med tome glas. Etter festmiddagen var slutt, fekk Sylfest og eg utlevert ei flaske god vin til å dela. Me gjekk ned til Langesjøen og kosa oss med henne der. Det var no helst Sylfest som førde ordet, han var ein meister til å ordleggja seg.
Då flaska var mest tom, sat han og såg på henne, og so sa han: "Å gud gje Langesjøen va fudle og dar va ei mil til botnar".